Møte ang revidering av avlsplan

Torsdag 21.01.16 kl. 19.00 i kafeeen på Vikeså møtes vi for å drøfte revidering av avlsplan for fjordhest. Vel møtt!

Fylkes-/distrikts- og lokallag i Norges Fjordhestlag

Arbeidet som vart gjort med avlsplanen for Fjordhest i slutten av 2014 og fyrste halvår av 2015, var ei tilpassing til det nye regelverket etter at det vart offentleggjort at kåringslova skulle falle bort 01.01.15. Det var ingen fullstendig revisjon av avlsplanen med justering av detaljar (som til dømes vekting av eigenskapar, raseskildring, bruksprøver o.l.). No er tida inne for å starte prosessen med ein fullstendig revisjon av avlsplanen. Nytt utkast skal vere klart for oversending til Norsk Hestesenter og Mattilsynet 01.10.2016.

Avlsutvalet ønskjer ein høyringsprosess der medlemane får gode høve til å kome med innspel. Som utgangspunkt sender vi ut nokre aktuelle og sentrale spørsmål. Svar på desse vil gje oss godt grunnlag for det vidare arbeidet. Samstundes håpar vi òg at medlemane kjem med innspel på andre punkt i avlsplanen som dei meiner bør endrast.

Høyringsfristen er sett til 20.02.2016. Arbeidsgruppa utarbeider eit framlegg etter å ha gått gjennom innkomne innspel frå fylkes-, distrikts- og lokallag. Styret i Norges Fjordhestlag vil presentere dette framlegget som orienteringssak på årsmøtet i mai, før det ev. vert gjort ytterlegare justeringar. Den reviderte avlsplanen skal gjelde frå og med 2017.

Innspela sendast til post@norsk-fjordhestsenter.no

Her er nokre aktuelle emne/spørsmål som vi ønskjer tilbakemelding på:

  1. Vurder vektinga av eigenskapar i avlsmålet. I dag har vi denne vektlegginga:
    • Eksteriør 50 %
    • Brukseigenskapar 30 %
    • Lynne 10 %
    • Holdbarheit 10 %
  2. Er bruksprøvene tilfredstillande slik dei er i dag? Kva fortel dei om arvbarheit og miljøpåverknad? 30 % vektlegging (som no)? Godkjent/ikkje godkjent?
  3. Kan det vere aktuelt å innføre travprøve for 3 års hingstar ?
  4. Kom med innspel til kriteria for sløyfe, ekstrasløyfe, G, 3.,2. og 1. premie.
  5. Kva kan godtakast av avteikn på Fjordhest? Kom gjerne med konkrete skildringar.
  6. Kva retningslinjer er ønskjelege for import av sæd frå utanlandske hingstar?

 

Beste helsing

Avlsutvalet i Norges Fjordhestlag

Norfjordeid 10.12.2015

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s